Fjordamattunet sommar

VELKOMMEN TIL FJORDAMATTUNET

Fjordamattunet er bygd opp rundt Kari Støfringsdal sin unike kompetanse på tradisjonsmat og matkultur. Her har vi tilbod om kurs og matopplevingar som passar for alle, både arbeidskollegaer, organisasjonar, vener, familiar og dei som driv med lokal foredling eller servering. Maten vert laga i fellesskap, og det gode måltidet er ein viktig del av opplevinga. I trivelege lokale kan de møtast for å lære, oppleve og nyte.

I tunet på garden til Bård Støfringsdal og Kjersti Wæhre er det laga til eit bakstehus i den gamle fjøsen. Der er det eit moderne kjøkken, stor vedfyrt bakaromn og bord til baking og felles måltid.

Fjordamattunet er ein del av klyngesamarbeidet Jølster 365 som ønskjer å gjere det enklare for besøkande og innbyggarar i Jølster å orientere seg om aktivitetstilbod, arrangement og overnatting i kommunen.

Logo Jølster 365

Mrs and the pitifuls

Musikk for sjela – mat for sjela

Laurdag 18. august får du ei sjeldan mogelegheit til å høyre Sunnfjord sine eigne R&B-stjerner i Mrs. and the Pitifuls Rhythm and Blues Band live – i Løa i Fjordamattunet! Dette blir fengande, dansbart og ei energiinnsprøyting av dei sjeldne.
Konserten er no utselt

LES MEIR HER

KONTAKT OSS

+47 951 46 531

Fjordamattunet
Dalevegen 71
6847 Vassenden