Vegen hit

De køyrer E39 frå Førde 17 km eller frå Skei 27 km til skilt merka Langhogane, der tek de av og køyrer 800 m rett fram til de er på gardstunet i Støfringsdal.

Praktiske opplysningar

Bakstehuset har det utstyret som trengst for baking (kjevle, helle og liknande). Vi har òg forkle, men de bør ha med innesko sidan vi skal vere på eit kjøkken og lage mat. Kursa vil bli tilpassa deltakarane, så de treng ikkje spesielle forkunnskapar for å delta. Betaling med faktura/giro eller bankkort.

Gåvekort

Ynskjer du å gje nokon eit kurs eller ei oppleving i Fjordamattunet som gåve til jul, bursdag, bryllaup eller i andre høve, kan du  bestille gåvekort her.

Påmelding

Dersom de er ei gruppe som ynskjer kurs eller ei oppleving i bakstehuset, tek de kontakt for å avtale tid og opplegg.

Denne hausten er det ein del fastlagde kurs som er opne for alle og som enkeltpersonar kan melde seg på. Dersom du som enkeltperson er interessert i eitt av dei generelle kursa vi tilbyr, kan du ta kontakt så vil kurset verte arrangert når gruppa er høveleg stor (minimum 8 personar).

De bestiller ved å ringe 951 46 531 eller sende e-post til kari@fjordamattunet.no.

De kan også bestille via påmeldingsskjemaet. Vel mellom dei planlagde kursa i haust eller dei generelle kursa som vert tilbydd året rundt. Dersom du er interessert i eitt av dei generelle kursa, er det fint om du gir beskjed om det er spesielle vekedagar som ikkje passar for deg. Kurset vert arrangert når gruppa er høveleg stor.

Kva slags kurs er du interessert i?







Deltakar på lefsekurs

Heimelaga rabarbrasaft

Kursdeltakarar lagar pølser

Traktor

+47 951 46 531

Fjordamattunet
Dalevegen 71
6847 Vassenden