Lefsebaking. Foto: Norsk tradisjonsmat

Matkurs vinter og vår 2018

Dette er kurs som er opne for alle interesserte, og som enkeltpersonar kan melde seg på.

For alle kursa vil det vere eit måltid inkludert i kursavgifta og de får produkt med dykk heim. Kursa vert haldne berre dersom det er mange nok deltakarar.

Om de er ei gruppe som ynskjer kurs, tek de kontakt på telefon eller e-post for å avtale tidspunkt for eit eige kurs.

For meir informasjon eller påmelding, ring 951 46 531 eller send ein e-post til kari@fjordamattunet.no. Du kan også bruke påmeldingsskjemaet nedst på denne sida.

Flatbrød. Foto: Norsk tradisjonsmat

Flatbrød og fiskebrød

6. og 8. februar (2 kurs)

Tysdag 6. februar kl. 17.30-22.00 – Dette kurset er fullt!
Torsdag 8. februar kl. 17.30-22.00

De får lære å lage deig, trene på å kjevle og lære kva steiking som passar ulike produkt. De får det de lagar med dykk heim.

Kursavgifta er kr. 550 per person. Det inkluderer kurs med oppskriftshefte, måltid inkludert heimelaga råsaft og kaffi og produkt med dykk heim.

Påmelding innan 30. januar 2018

Mørlefse

Kake på helle

13. februar og 20. mars (2 kurs)

Tysdag 13. februar kl. 18.00-22.00
Tysdag 20. mars kl. 11.00-15.00

De får lære å lage natronkake, potetkake/lefse og svelekake med kling.

Kursavgifta er kr. 500 per person. Det inkluderer kurs med oppskriftshefte, måltid inkludert heimelaga råsaft og kaffi og produkt med dykk heim.

 

Påmeldingsfrist for det første kurset er  7. februar 2018

Påmeldingsfrist for det andre kurset er 14. mars 2018

Heildags bakekurs

Kurs i godt brød og anna gjærbakst

2-3. mars 2018

Fredag 2. mars kl. 18.30 – ca. kl. 22.00 og laurdag 3. mars kl. 10.00 – ca. kl. 16.00

Kurset er for deg som skal starte med eller driv med bakst for sal og/eller serveringsbedrifter, eller for deg som har ein vedfyrt bakaromn og treng meir kunnskap om bruk. Godt brød til frukost, lunsj eller som ventebrød er viktig for gjestene/kundane. Oppskriftene kan like godt brukast til baking i vanleg steikeomn så ein må ikkje ha vedfyrt omn for å ha nytte av kurset.

Fredag startar vi med å gå gjennom programmet og presentere deltakarane. Vi snakkar om fyring av omnen og ser på klargjering til steiking. Så lagar vi pizza til kveldsmat, har litt teori om deigar og førebuing av deigar til laurdag. Vi ser på surdeig, lagar ulike startdeigar og gjer klart det som skal stå i bløyt over natta.

Laurdag startar vi med laging av ulike deigar til brød og småbakst. Når deigane har fått kvilt, skal dei slåast opp og formast. Til lunsj blir det suppe og nysteikt småbakst. Brøda som vi lagar får de med dykk heim og bollane smakar vi på til kaffien medan brøda steiker. Då blir det og oppsummering og evaluering av kurset.

Kurset er arrangert i samarbeid med Kompetansenavet i Aurland.

Kursavgifta er kr. 1200 som inkluderer alle måltid med drikke, oppskriftshefte og bakst med heim.

Påmelding innan 26. februar

Pizzakurs

Pizza og småbakst

14. april kl. 11.00-15.00

Vi lagar sjølvkomponert pizza med sprø botn og kanelsnurrar til kaffien. Det blir delt ut mange gode tips undervegs. Kjevling, fylling og steiking av pizza er godt teamarbeid.

Kursavgifta er kr. 550 per person. Det inkluderer kurs med oppskriftshefte og måltid inkludert heimelaga råsaft og kaffi.

Påmelding innan  8. april 2018

Påmeldingsskjema

+47 951 46 531

Fjordamattunet
Dalevegen 71
6847 Vassenden