Lefsebaking. Foto Norsk tradisjonsmat

Matkurs hausten 2018

Dette er kurs som er opne for alle interesserte, og som enkeltpersonar kan melde seg på.

For alle kursa vil det vere eit måltid inkludert i kursavgifta og de får produkt med dykk heim. Kursa vert haldne berre dersom det er mange nok deltakarar.

Om de er ei gruppe som ynskjer kurs, tek de kontakt på telefon eller e-post for å avtale tidspunkt for eit eige kurs.

For meir informasjon eller påmelding, ring 951 46 531 eller send ein e-post til kari@fjordamattunet.no. Du kan også bruke påmeldingsskjemaet nedst på denne sida.

Heildags bakekurs

Bakekurs i vedfyrt bakaromn

Onsdag 19. september kl. 17.30 – 21.30

De får lære å lage brøddeig, heving og forming. Vi lagar pizza i steinomnen og et til lunsj, og skillingsbollar som vi har til kaffien. Det vi ikkje et opp får de med til dei som er heime. Brøda som de lagar får de med dykk heim til søndagsfrukosten.

Alle oppskriftene er tilpassa vanleg steikeomn, så kunnskapen kan de bruke heime.

Kursavgifta er kr. 550 per person. Det inkluderer kurs med oppskriftshefte, måltid inkludert drikke og produkt med dykk heim.

Påmelding innan 14. september 2018

Konservering

Kurs i konservering

Torsdag 4. oktober kl. 17.30 – 22.00

Det vert litt teori om ulike konserveringsmetodar, reingjering av utstyr og kva utstyr vi treng.

Hermetisering av plommer/eple med ulike smakstilsetjingar. Sylting av frukt og bær og rå og kokt rabarbrasaft. Sursylting av graskar og raudbetar.

Kursavgifta er kr. 650 per person. Det inkluderer kurs med oppskriftshefte, måltid og råvarene de treng til praktisk arbeid. Produkta de lagar får de med dykk heim.

Påmelding innan 27. september 2018

Kari steiker svelekaker

Hellebakstkurs/kake på helle

Tysdag 23. oktober kl. 18.00-22.00

De får lære å lage natronkake, potetkake/lefse, mørlefse og svelekake med kling.

Kursavgifta er kr. 500 per person. Det inkluderer kurs med oppskriftshefte, måltid inkludert heimelaga råsaft og kaffi og produkt med dykk heim.

Påmelding innan 17. oktober 2018

Flatbrød. Foto Norsk tradisjonsmat

Flatbrød og fiskebrød

Tysdag 30. oktober kl. 17.30-22.00

De får lære å lage deig, trene på å kjevle og lære kva steiking som passar ulike produkt. De får det de lagar med dykk heim.

Kursavgifta er kr. 550 per person. Det inkluderer kurs med oppskriftshefte, måltid inkludert heimelaga råsaft og kaffi og produkt med dykk heim.

Påmelding innan 23. oktober 2018

Lefse

Lefsekurs

Laurdag 3. november kl. 11.00 – 16.00

De får lære å lage deig og glatte runde emne, og trening i å kjevle ut leivane. Det å steike lefsene passeleg og pakke dei inn så dei held seg mjuke til dei skal smørjast, er noko av det viktigaste. Etter eit felles måltid lagar vi kling og smør lefsene.

Kursavgifta er kr. 650 per person. Det inkluderer kurs med oppskriftshefte, måltid inkludert heimelaga råsaft og kaffi og ferdige lefser med dykk heim.

Påmelding innan 26. oktober 2018

Pølsekurs

Pølsekurs
(dampepølse og spekepølse)

24. og 27. november (2 kurs)

Laurdag 24. november kl. 11.00 – 16.00
Tysdag 27. november kl. 17.30-22.00

Kursavgifta er kr. 600 per person + råvarekostnad, der prisen avhenger av om de har med råvare (hjortekjøt/lammekjøt/storfekjøt) eller ikkje. De må gjerne ha med eige kjøt om de har, spesielt gjeld det hjortekjøt om de ynskjer det i pølsene.

Kursavgifta inkluderer kurs med oppskriftshefte, måltid inkludert heimelaga råsaft og kaffi og produkta de lagar med dykk heim.

Påmelding innan 16. november 2018

Julepålegg

Julepålegg

Tysdag 4. desember kl. 17.30 – 22.00

De får lage sylteflesk og lammerull eller sylterull (av gris). Kva den enkelte vil lage vert avtalt med dei som melder seg på.

Kursavgifta er kr. 600 per person + råvarekostnad.

Det inkluderer kurs med oppskriftshefte, måltid inkludert heimelaga råsaft og kaffi og ei form med sylteflesk og ein rull med dykk heim

Påmelding innan 28. november 2018

Påmeldingsskjema

+47 951 46 531

Fjordamattunet
Dalevegen 71
6847 Vassenden