Lefsebaking. Foto Norsk tradisjonsmat

Matkurs hausten 2020

Dette er kurs som er opne for alle interesserte, og som enkeltpersonar kan melde seg på.

For alle kursa vil det vere eit måltid inkludert i kursavgifta og de får produkt med dykk heim. Kursa vert haldne berre dersom det er mange nok deltakarar.

Om de er ei gruppe som ynskjer kurs, tek de kontakt på telefon eller e-post for å avtale tidspunkt for eit eige kurs.

På grunn av smittevern må eg redusere tal deltakarar på kvart kurs, og har av den grunn auka kursprisen noko.

For meir informasjon eller påmelding, ring 951 46 531 eller send ein e-post til kari@fjordamattunet.no. Du kan også bruke påmeldingsskjemaet nedst på denne sida.

Flatbrød. Foto Norsk tradisjonsmat

Flatbrød og fiskelefse

Laurdag 7. november kl. 11.00-15.30

De får lære å lage deig, trene på å kjevle og lære kva steiking som passar ulike produkt. De får det de lagar med dykk heim.

Kursavgifta er kr. 700 per person. Det inkluderer kurs med oppskriftshefte, måltid inkludert heimelaga råsaft og kaffi og produkt med dykk heim.

Påmelding innan 2. november 2020

Lefse

Lefsekurs

Laurdag 14. november kl. 11.00-16.00

De får lære å lage deig og glatte runde emne, og trening i å kjevle ut leivane. Det å steike lefsene passeleg og pakke dei inn så dei held seg mjuke til dei skal smørjast, er noko av det viktigaste. Etter eit felles måltid lagar vi kling og smør lefsene.

Kursavgifta er kr. 750 per person. Det inkluderer kurs med oppskriftshefte, måltid inkludert heimelaga råsaft og kaffi og ferdige lefser med dykk heim.

Påmelding innan 9. november 2020

Pølsekurs

Pølsekurs
(dampepølse og spekepølse)

Torsdag 26. november kl. 17.30-22.00

Kursavgifta er kr. 700 per person + råvarekostnad, der prisen avhenger av om de har med råvare (hjortekjøt/lammekjøt/storfekjøt) eller ikkje. De må gjerne ha med eige kjøt om de har, spesielt gjeld det hjortekjøt om de ynskjer det i pølsene.

Kursavgifta inkluderer kurs med oppskriftshefte, måltid inkludert heimelaga råsaft og kaffi og produkta de lagar med dykk heim.

Påmelding innan 19. november 2020

Julepålegg

Julepålegg

Onsdag 9. desember kl. 17.30 – 22.00

De får lage sylteflesk og lammerull eller sylterull (av gris). Kva den enkelte vil lage vert avtalt med dei som melder seg på.

Kursavgifta er kr. 700 per person + råvarekostnad.

Det inkluderer kurs med oppskriftshefte, måltid inkludert heimelaga råsaft og kaffi og ei form med sylteflesk og ein rull med dykk heim

Påmelding innan 2. desember 2020

Påmeldingsskjema

+47 951 46 531

Fjordamattunet
Dalevegen 71
6847 Vassenden