Lefsebaking. Foto Norsk tradisjonsmat

Matkurs vinter/vår 2020

Dette er kurs som er opne for alle interesserte, og som enkeltpersonar kan melde seg på. Det vil bli lagt ut fleire kurs her i løpet av vinteren.

For alle kursa vil det vere eit måltid inkludert i kursavgifta og de får produkt med dykk heim. Kursa vert haldne berre dersom det er mange nok deltakarar.

Om de er ei gruppe som ynskjer kurs, tek de kontakt på telefon eller e-post for å avtale tidspunkt for eit eige kurs.

For meir informasjon eller påmelding, ring 951 46 531 eller send ein e-post til kari@fjordamattunet.no. Du kan også bruke påmeldingsskjemaet nedst på denne sida.

Kari steiker svelekaker

Hellebakstkurs/kake på helle

Tysdag 11. februar kl. 17.30-22.00

De får lære å lage natronkake, potetkake/lefse, mørlefse og svelekake med kling.

Kursavgifta er kr. 550 per person. Det inkluderer kurs med oppskriftshefte, måltid inkludert heimelaga råsaft og kaffi og produkt med dykk heim.

Påmelding innan 4. februar 2020

Flatbrød. Foto Norsk tradisjonsmat

Flatbrød og fiskelefse

Torsdag 13. februar kl. 17.30-22.00

De får lære å lage deig, trene på å kjevle og lære kva steiking som passar ulike produkt. De får det de lagar med dykk heim.

Kursavgifta er kr. 600 per person. Det inkluderer kurs med oppskriftshefte, måltid inkludert heimelaga råsaft og kaffi og produkt med dykk heim.

Påmelding innan 6.  februar 2020

Heildags bakekurs

Bakekurs gjærbakst

Fredag 6. og laurdag 7. mars

Fredag kl. 18.00 – ca. 21.00, for dei som ynskjer å vere med å førebu deigar med laging av startdeig, legge i bløyt grov rug og frø, lage nokre deigar med kaldhev og pizzadeig til neste dag.

Laurdag kl. 10.00 – 17.00, ein kan velgje å berre vere med laurdag om det høver best.
De får lære å lage brøddeig, deig til småbakst og bollar, heving og forming av ulik bakst. Når vi er ferdige med deigane og omnen er passe varm, lagar vi pizza og et til lunsj. Så er det forming og etterheving av baksten. Det som de lagar får de med dykk heim. Det blir bollar, kaffi og oppsummering av kurset medan dei siste brøda steiker. Alle oppskriftene er tilpassa vanleg steikeomn, så kunnskapen kan de bruke heime.

Kurspris kr. 1200 per person. Det inkluderer kurs med oppskriftshefte, måltid inkludert drikke
og mykje bakst med dykk heim.

Påmelding innan 28. februar 2020

Lefse

Lefsekurs (2 kurs)

Torsdag 12. mars kl. 17.30-22.00
Laurdag 14. mars kl. 11.00-15.30

De får lære å lage deig og glatte runde emne, og trening i å kjevle ut leivane. Det å steike lefsene passeleg og pakke dei inn så dei held seg mjuke til dei skal smørjast, er noko av det viktigaste. Etter eit felles måltid lagar vi kling og smør lefsene.

Kursavgifta er kr. 700 per person. Det inkluderer kurs med oppskriftshefte, måltid inkludert heimelaga råsaft og kaffi og ferdige lefser med dykk heim.

Påmelding innan 5. mars 2020

Pølsekurs

Pølsekurs (dampepølse og spekepølse)

Tysdag 31. mars kl. 17.30-22.00

Kursprisen kr. 600,- + råvarekostnad, der prisen vil avhenge av om de har med råvare
(hjortekjøt/lammekjøt/storfekjøt) eller ikkje. De må gjerne ha med eige kjøt om de har,
spesielt hjortekjøt om de ynskjer det i pølsene. Kursavgifta inkluderer kurs med
oppskriftshefte, måltid inkludert heimelaga råsaft og kaffi og produkta de lagar med dykk
heim.

Påmelding innan 17. mars 2020

Påmeldingsskjema

+47 951 46 531

Fjordamattunet
Dalevegen 71
6847 Vassenden