Brød i steinomnen

Om kursa i Fjordamattunet

Alle kursa er tilgjengelege for grupper på minimum 8 personar. Nokre matkurs vert også arrangert for enkeltpersonar. Desse kursa vert annonsert på nettsida. Ynskjer du som enkeltperson å melde deg på eit kurs, kan du ta kontakt, så vil kurset verte arrangert når gruppa er høveleg stor.

Felles for alle kursa er at det undervegs vil vere eit felles måltid med heimelaga råsaft og kaffi inkludert i prisen. Etter kurset vil alle få med seg eit oppskriftshefte heim.

Kurs i bestemor sine kaker

Kaker til laurdagsnonsmaten slik bestemor laga dei.

De vert med og lagar svelekake, natronkake og potetkake/potetlefse. Vi lagar røre og deig, klappar, kjevlar og steiker kakene. Historia om baksten vert fortalt medan vi nyt nysteikte kaker og kaffi. Det blir og kaker til å ta med heim.

  • Opplegget høver for 8-12 personar
  • Kurset varer i 4 timar
  • Pris: kr. 500,- per person

Påmelding

Steiking av svelekaker

Flatbrød og fiskebrød

Sprøsteikte leivar til spekematen og smakfull innpakking av fisken.

På dette kurset får de lære å lage det som var det daglege brød og helgabrød. De får vere med å lage deigar til flatbrød og fiskebrød og lærer kjevling og steiking. Medan fiskebrødet kjøler seg ned, samlast vi rundt bordet til eit måltid med nybaka flatbrød til. De får det de bakar med dykk heim.

  • Opplegget høver for 8-10 personar
  • Kurset varer i 4 timar
  • Pris: kr. 550,- per person

 Påmelding

Baking av flatbrød

Lefsekurs

Festmaten som smeltar i munnen.

Vi lagar deig, kjevlar, steiker og lærer korleis vi pakkar inn leivane for å halde dei mjuke. Medan lefseleivane kjøler seg ned, nyt vi eit godt måltid før vi smør og brettar lefsene. De får lefsene som de lagar med dykk heim.

  • Opplegget høver for 8-10 personar
  • Kurset varer i 5 timar
  • Pris: kr. 650,- per person

 Påmelding

Bilete av lefser

Pizzakurs

Samarbeidet rundt den varme steinomnen hevar smaken.

Vi lagar sjølvkomponert pizza med sprø botn og kanelsnurrar til kaffien. Det blir delt ut mange gode tips undervegs. Kjevling, fylling og steiking av pizza er godt teamarbeid. Om de ynskjer øl og vin til maten, kjem det i tillegg til kursprisen og må avtalast før de kjem.

  • Opplegget høver for 8 og opptil vel 20 personar
  • Opplevinga tek 4 timar
  • Pris: kr. 550,- per person (redusert pris ved store grupper)

 Påmelding

Bilete av pizzabaking

Brødbaking i steinomnen

Fargespelet og lukta av den sprø skorpa er uimotståeleg.

Deigane er ferdig heva når de kjem, men de vert med på forming og steiking i den vedfyrte omnen. Måltidet er suppe med nybaka brød eller kvelds med brød og pålegg. De får brød med dykk heim.

  • Kurset høver for 8-14 personar
  • Kurset varer i 4 timar
  • Pris: kr. 550,- per person

 Påmelding

Bilete av brøddeig framfor steinomnen

Kurs i å lage mat frå grunnen

Fellesskapet rundt grytene med friske råvarer skapar det gode måltidet.

Her vert de med og lagar middag, det kan vere ei god suppe og dessert eller ein flott 3-rettars middag. De får sjølv vere med å bestemme kva de ynskjer å lage. Det som er viktig er gode råvarer og alt laga frå grunnen. Om ein ynskjer øl og vin til maten ordnar vi med det og det kjem i tillegg til kursprisen.

  • Kurset høver for 8-20 personar
  • Kurset varer i 3-5 timar, alt etter meny
  • Pris frå kr. 400,- per person

Påmelding

Bilete frå matlagingskurs

Sesongbaserte kurs

Matkurs der ein lærer å ta vare på råvarene og lage sine eigne produkt som dampepølse eller spekepølse, pålegg til jul, silderettar, rå saft eller hermetisere pære og plomme.

På kjøkkenet er det komfyr som ein brukar til denne typen kurs, og utstyr til pølselaging, pressing av råsaft og tørking av sopp eller eple. Er de ei gruppe som ynskjer slike kurs, så ta kontakt for nærmare avtale og pris.

Slike kurs vert òg arrangert om hausten for einskildpersonar. Dato for dei ulike kursa vert lagt ut på heimesida og annonsert på facebook.

Påmelding

Kursdeltakarar på pølsekurs

Kurs for sals- og serveringsbedrifter

Kari held bakekurs og kurs i konservering for dei som skal starte med eller driv med sal av bakst, frukt og bær og/eller serveringsbedrifter.

Kari er matkontakt for kompetansenavet i Aurland og arrangerer kurs i samarbeid med dei i baking og konservering. Les meir om kompetansenavet her.

Påmelding

Saft og syltetøy

+47 951 46 531

Fjordamattunet
Dalevegen 71
6847 Vassenden