Kursdeltakarar som steiker lefser

Sosiale og lærerike opplevingar

Servering i Fjordamattunet er i hovudsak bygd på at de må vere aktiv sjølv, anten det er å kna og bake ut brød, lage ulik bakst på helle, lage sin eigen pizza eller lage middag. Måltidet er eit resultat av det ein har laga saman. Dette er ein sosial og triveleg måte å vere saman på, i tillegg til at ein får eit godt måltid.

Om nokon ynskjer å få middagen ferdig laga av oss og komme til duk og dekka bord er det høve til det òg. Ta kontakt for avtale om meny og pris. Om det er ynskjeleg med alkoholservering søkjer vi om ambulerande skjenkeløyve.

Besøk i Fjordamattunet

Hellebaksten steiker medan Kari deler historier og matkunnskap.

I kurslokala til Fjordamattunet får de demonstrasjon natronkake og svelekake. Når de har sett på at Kari lagar kaker og delt sin kunnskap om tradisjonsbakt på Vestlandet er det tid for å smake nysteikte kaker med heimelaga syltetøy og råsaft. I tillegg får de kokekaffi servert frå ein gamal kjele.

  • Opplegget varer ca. 2 timar
  • Pris:
    – For grupper opp til 15 personar kr. 4000,-
    For grupper over 15 personar kr. 250,- per person

Påmelding

Kari steiker svelekaker

Pizzakurs

Samarbeidet rundt den varme steinomnen hevar smaken.

Vi lagar sjølvkomponert pizza med sprø botn og kanelsnurrar til kaffien. Det blir delt ut mange gode tips undervegs. Kjevling, fylling og steiking av pizza er godt teamarbeid. Om de ynskjer øl og vin til maten, kjem det i tillegg til kursprisen og må avtalast før de kjem.

  • Opplegget høver for 8 og opptil vel 20 personar
  • Opplevinga tek 4 timar
  • Pris: kr. 600,- per person (redusert pris ved store grupper)

Påmelding

Bilete av pizzabaking

Kurs i å lage mat frå grunnen

Fellesskapet rundt grytene med friske råvarer skapar det gode måltidet.

Her vert de med og lagar middag, det kan vere ei god suppe og dessert eller ein flott 3-rettars middag. De får sjølv vere med å bestemme kva de ynskjer å lage. Det som er viktig er gode råvarer og alt laga frå grunnen. Om ein ynskjer øl og vin til maten ordnar vi med det og det kjem i tillegg til kursprisen.

  • Kurset høver for 8-20 personar
  • Kurset varer i 3,5-5 timar, alt etter meny
  • Pris frå kr. 450,- per person

Påmelding

Fisk i lefsebrød. Foto: Norsk tradisjonsmat

+47 951 46 531

Fjordamattunet
Dalevegen 71
6847 Vassenden