Fjordamattunet logo
Fjordamattunet DA • Støfringsdal, 6847 Vassenden • Tel: 951 46 531 • E-post: kari@fjordamattunet.no • Orgnr: 992 989 947
Om oss
Kurs og oppleving
Oversikt og bestilling
Historisk om bakst
Brød med frø på fjøl
Deig som godgjer seg foran vedfyrt steinomn
Kursdeltakar ordnar lefse
Kursdeltakar knar deig
KURS I BAKST FOR DEI SOM SKAL STARTE MED, ELLER DRIV MED SAL AV BAKST OG/ELLER SERVERINGSBEDRIFTER

Desse kursa blir arrangert i samarbeid med ulike kursarrangørar, og vil bli utlyst slik at deltakarane kan melde seg på. Opplegg for kursa vil variere etter deltakarane sine behov, og prisen vil kunne variere etter opplegget for kvart kurs.

Heildagskurs i bruk av vedfyrt bakaromn
Ein får vere med på heile prosessen frå ein startar med å fyre i omnen og lage deig. Vi lagar ulike typar brød med og utan startdeig. Så skal brøda eltast og formast før ein hevar og steikjer dei. Medan deigane hevar og kviler er det teori om råvarene til gjærbakst, deiglaging og heving. Vi smakar på brødet og vurderer kvaliteten.

Hellebakst

Kaker på helle
De får fortalt historier om korleis utviklinga av hellebaksten på Vestlandet har vore. På dette kurset får de lære å lage tradisjonelle svelekaker, lappar og natronkaker. Dette er kaker som har vore brukt frå før ein hadde bakaromn og kunne lage gjæra brød, og fram til i dag. Svelekaker og lappar er enkle å lage og bør etast nysteikte. Natronkaker tek det litt meir tid å lage, og de får lære både kaker som de bakar ut og klappekake.

Bakst med potet
På kurset får de lære å lage flatbrød og lefse med kokte poteter og potetmospulver. Både flatbrød og potetlefse er godt tilbehør til saltmat anten ein driv med servering eller leverer catering. Ved å bake slike ting sjølv kan ein utnytte ledige stunder ein måtte ha.

Lefse
På kurset lagar vi ulike typar lefse ut frå kursdeltakarane sine ynskjer og behov. De får lære å lage deig, emne og steikje lefsene, før vi lagar kling og smør dei. Det blir teori om råvarene og korleis bruken av lefser har vore i vårt fylke.