Fjordamattunet logo
Fjordamattunet DA • Støfringsdal, 6847 Vassenden • Tel: 951 46 531 • E-post: kari@fjordamattunet.no • Orgnr: 992 989 947
Om oss
Kurs og oppleving
Oversikt og bestilling
Historisk om bakst
Kursdeltakar ordnar lefse
KURS OG OPPLEVING

Dersom de er ei gruppe som ynskjer kurs eller ei oppleving i bakstehuset tek de kontakt på e-post eller telefon for å avtale tid og opplegg, eller de kan nytte skjemaet på kursoversikta

Når du som enkeltperson ynskjer å melde deg på kurs nyttar du skjemaet på kursoversikta, eller sender e-post til kari@fjordamattunet.no eller ringer 951 46 531. Kurset vil verte arrangert når gruppa er høveleg stor.

Ynskjer de å gje nokon eit kurs eller ei oppleving i Fjordamattunet som gåve til jul, gebursdag, bryllaup eller i andre høve, kan de bestille gåvekort her.

Opplevingsbakst
Opplevingsbakst i vedfyrt bakaromn og på helle. Bakaromnen er samlingspunkt og trivselsfaktor og har vore fyrt i 3-4 timar før de kjem, slik at den er klar til steiking. Bakstehuset er ein møteplass for vener, familie, organisasjonar, kollegaer eller bedrifter. Ein stad der ein kan samlast om å bake tradisjonell bakst og så setje seg rundt langbordet til eit felles måltid med resultatet av baksten. Bakaromnen har òg grue, slik at om det er kaldt og surt ute kan ein tenne eit lite bål i grua. På den gamle støypejarnskomfyren står det vaffeljarn som det kan fyrast under. Vaflane òg blir ekstra gode med varme frå ved.

Kurs i bakst
Kurs i bakst for dei som skal starte med eller driv med sal av bakst og/eller serveringsbedrifter. Desse kursa er i samarbeid med Norsk Gardsmat og Bygdeturisme (NBG) Sogn og Fjordane og andre kursarrangørar. Eigne prisar og opplegg for kurset alt etter kursdeltakarane sine behov.

Matkurs/servering
Matkurs det vere seg å lære å lage heimelaga kjøtkaker, dampepølse eller spekepølse, pålegg til jul, silderettar, rå saft eller hermetisere pære og plomme. Tradisjonsmat som rømmegraut og gombe kan ein òg få lære. På kjøkkenet er det òg ein moderne komfyr som ein brukar til denne typen kurs, og utstyr til pølselaging, pressing av råsaft og tørking av sopp eller eple. Er de ei gruppe som ynskjer slike kurs, så ta kontakt for nærare avtale og pris.

Kari saftar bær