Fjordamattunet logo
Fjordamattunet DA • Støfringsdal, 6847 Vassenden • Tel: 951 46 531 • E-post: kari@fjordamattunet.no • Orgnr: 992 989 947
Om oss
Kurs og oppleving
Oversikt og bestilling
Historisk om bakst
Servering og eting av sjøllagd pizza
MATKURS/SERVERING

Matkurs
Det kan vere kurs i safting, sylting, hermetisering og tørking og korleis ein på den måten tek vare på råvarer som bær, frukt, sopp.
Eller kanskje er det nokon som ynskjer rettleiing i å lage pølse, kjøttkaker, pålegg eller andre rettar laga frå grunnen av.
Prisen vil variere etter pris på råvarene, om de har med dykk råvare sjølv ( eks. bær til saft/sylte og kjøt til pølse) og kor mykje førebuing det krev.
Ta kontakt for å avtale pris og kursopplegg.


Servering
Servering i FjordamatTunet er i hovudsak bygt på at de må vere aktiv sjølv anten det er å kna og bake ut brød, lage ulik bakst på helle, lage sin eigen pizza eller lage middag. Måltidet er eit resultat av det ein har lagar saman. Dette er ein sosial og triveleg måte å vere saman på i tillegg til å få eit godt måltid.
Om nokon ynskjer å få middagen ferdig laga kan det vere rå med det òg. Ta kontakt for avtale om meny og pris. Om det er ynskjeleg med alkoholservering søkjer vi om ambulerande skjenkeløyve.

Orientering og enkel servering
Om ein er ei større gruppe som ynskjer eit enklare opplegg med orientering, eventuell litt demonstrasjon og enkel servering ta kontakt for å avtale pris for heile gruppa.

Kjøttkake med brun saus, potet, gulrot og sukkererter
Kari saftar bær