Fjordamattunet logo
Fjordamattunet DA • Støfringsdal, 6847 Vassenden • Tel: 951 46 531 • E-post: kari@fjordamattunet.no • Orgnr: 992 989 947
Om oss
Kurs og oppleving
Oversikt og bestilling
Historisk om bakst
Brød med frø på fjøl
Deig som godgjer seg foran vedfyrt steinomn
Kursdeltakare i gang med hellebakst
Kursdeltakar knar deig
OPPLEVINGSBAKST


Dersom de er ei gruppe som ynskjer kurs eller ei oppleving i bakstehuset tek de kontakt på e-post eller telefon for å avtale tid og opplegg, eller de kan nytte skjemaet på kursoversikta.

Når du som enkeltperson ynskjer å melde deg på kurs nyttar du skjemaet på kursoversikta, eller sender e-post til kari@fjordamattunet.no eller ringer 951 46 531. Kurset vil verte arrangert når gruppa er høveleg stor.

Felles for alle kursa er at det undervegs vil vere eit felles måltid med heimelaga råsaft og kaffi inkludert i prisen. Etter kurset vil alle få med seg eit oppskriftshefte heim.

Kurs i bestemor sine kaker
Kaker til laurdagsnonsmaten slik bestemor laga dei.
De vert med og lagar svelekake, natronkake og potetkake/potetlefse. Vi lagar røre og deig, klappar, kjevlar og steiker kakene. Historia om baksten vert fortalt medan vi nyt nysteikte kaker og kaffi. Det blir og kaker til å ta med heim.
Opplegget høver for 8-12 personar.
Kurset varer i 4 timar.
Pris: kr. 500,-per person.

Flatbrød og fiskebrød
Sprøsteikte leivar til spekematen og smakfull innpakking av fisken.
På dette kurset får de lære å lage det som var det daglege brød og helgabrød. De får vere med å lage deigar til flatbrød og fiskebrød og lærer kjevling og steiking. Medan fiskebrødet kjøler seg ned, samlast vi rundt bordet til eit måltid med nybaka flatbrød til. De får det de bakar med dykk heim.
Opplegget høver for 8-10 personar.
Pris: kr. 550,- per person.


Lefsekurs
Festmaten som smeltar i munnen.
Vi lagar deig, kjevlar, steiker og lærer korleis vi pakkar inn leivane for å halde dei mjuke. Medan lefseleivane kjøler seg ned, nyt vi eit godt måltid før vi smør og brettar lefsene. De får lefsene som de lagar med dykk heim.
Opplegget høver for 8-10 personar.
Kurset varer i 5 timar.
Pris: kr. 650,- per person.


Pizzakurs
Samarbeidet rundt den varme steinomnen hevar smaken.
Vi lagar sjølvkomponert pizza med sprø botn og kanelsnurrar til kaffien. Det blir delt ut mange gode tips undervegs. Kjevling, fylling og steiking av pizza er godt teamarbeid. Om de ynskjer øl og vin til maten, kjem det i tillegg til kursprisen og må avtalast før de kjem.
Opplegget høver for 8 og opptil vel 20 personar.
Opplevinga tek 4 timar.
Pris: kr. 550,- per person. Redusert pris ved store grupper.

Brødbaking i steinomnen
Fargespelet og lukta av den sprø skorpa er uimotståeleg.
Deigane er ferdig heva når de kjem, men de vert med på forming og steiking i den vedfyrte omnen. Måltidet er suppe med nybaka brød eller kvelds med brød og pålegg. De får brød med dykk heim.
Kurset høver for 8-14 personar.
Kurset varer i 4 timar.
Pris: kr. 550,- per person.

Kurs i å lage mat frå grunnen
Fellesskapet rundt grytene med friske råvarer skapar det gode måltidet.
Her vert de med og lagar middag, det kan vere ei god suppe og dessert eller ein flott 3-rettars middag. De får sjølv vere med å bestemme kva de ynskjer å lage. Det som er viktig er gode råvarer og alt laga frå grunnen. Om ein ynskjer øl og vin til maten ordnar vi med det og det kjem i tillegg til kursprisen.
Kurset høver for 8-20 personar.
Kurset varer i 3-5 timar, alt etter meny.
Pris frå kr. 400,- per person.

Besøk i Fjordamattunet
Hellebaksten steiker medan Kari deler historier og matkunnskap.
I kurslokala til Fjordamattunet får de demonstrasjon natronkake og svelekake. Når de har sett på at Kari lagar kaker og delt sin kunnskap om tradisjonsbakt på Vestlandet er det tid for å smake nysteikte kaker med heimelaga syltetøy og råsaft. I tillegg får de kokekaffi servert frå ein gamal kjele.
Opplegget varer 1,5-2 timar.
Pris:
For grupper opp til 15 personar kr. 3500,-
For grupper over 15 personar kr. 230,- per person

Kursdeltakar ordnar lefse
Ferdigstekt hellebakst på plate
Hånd som smører lefse
Lefse
Kursdeltakarar som smør lefse