VELKOMMEN TIL FJORDAMATTUNET
Fjordamattunet er bygd opp rundt Kari Støfringsdal sin unike kompetanse på tradisjonsmat og matkultur. Her har vi tilbod om kurs og matopplevingar som passar for alle, både arbeidskollegaer, organisasjonar, vener, familiar og dei som driv med lokal foredling eller servering. Maten vert laga i fellesskap, og det gode måltidet er ein viktig del av opplevinga. I trivelege lokale kan de møtast for å lære, oppleve og nyte.
I tunet på garden til Bård Støfringsdal og Kjersti Wæhre er det laga til eit bakstehus i den gamle fjøsen. Der er det eit moderne kjøkken, stor vedfyrt bakaromn og bord til baking og felles måltid.
Fjordamattunet er ein del av Visit Jølster som ønskjer å gjere det enklare for besøkande og innbyggarar i Jølster å orientere seg om aktivitetstilbod, arrangement og overnatting i kommunen.
KONTAKT OSS
+47 951 46 531
Fjordamattunet
Dalevegen 71
6847 Vassenden