Kurshaldaren
Kari Støfringsdal er pensjonert bonde og utdanna faglærar i husstell frå Stabekk med lang erfaring som kurs- og foredragshaldar om mat og tradisjonar. Kari er ein av forfattarane av Fjordamat – kokeboka for Sogn og Fjordane, Alle tiders Fjordamat – til høgtider og merkedagar og Ta kaka. I 2008 kom også boka Fjordamat, som er ei revidert utgåve av det beste i dei to Fjordamatbøkene. Alle bøkene er gitt ut av Selja Forlag.
Arbeidet med innsamling, samtale med kjeldepersonar, skriving og utprøving av oppskrifter til bøkene er vorte kunnskap som vert delt med dei som kjem til kurs og oppleving i Fjordamattunet. Litt historisk informasjon om bakst finn du her.
Kurslokalet
Kurslokalet ligg i Støfringsdalen i Jølster på garden til Bård Støfringsdal og Kjersti Wæhre. Garden er i aktiv drift med storfe og jordbruk, og har òg ein del skog som vert saga og foredla vidare på gardssaga.
Bakstehuset, som kurslokalet vert kalla, er laga til i mjølkerommet og grisehuset i den gamle fjøsbygningen som står i tunet. Rett bak bakstehuset ligg åkeren der det vart dyrka bygg på garden fram til rett etter andre verdskrig. I bygget er det mura ein ny vedfyrt bakaromn der ein kan steikje 24 brød samstundes, og det er laga til eit moderne kjøkken. I tillegg er det langbord som kan nyttast til baking eller felles måltid. Lokalet kan romme opp til 35 personar, men aktiviteten vil bestemme kor mange ein kan vere.
Om vi tek heile løa i bruk kan vi ha større arrangement, og sommarstid har familien brukt den til bryllaup og bursdagsfeiring. Løa har også vore nytta som konsertarena, mellom anna under Førdefestivalen.
+47 951 46 531
Fjordamattunet
Dalevegen 71
6847 Vassenden