Lefsebaking. Foto Norsk tradisjonsmat

Matkurs hausten 2026

Dette er kurs som er opne for alle interesserte, og som enkeltpersonar kan melde seg på.

For alle kursa vil det vere eit måltid inkludert i kursavgifta og de får produkt med dykk heim. Kursa vert haldne berre dersom det er mange nok deltakarar.

Om de er ei gruppe som ynskjer kurs, tek de kontakt på telefon eller e-post for å avtale tidspunkt for eit eige kurs.

For meir informasjon eller påmelding, ring 951 46 531 eller send ein e-post til kari@fjordamattunet.no. Du kan også bruke påmeldingsskjemaet nedst på denne sida.

Konservering

Kurs i konservering

Onsdag 30. sept kl. 17.30 – 22.00

Det vert litt teori om ulike konserveringsmetodar, reingjering av utstyr og kva utstyr vi treng.

Hermetisering av frukt med ulike smakstilsetjingar. Sylting av frukt og bær og rå og kokt rabarbrasaft. Sursylting av graskar og raudbetar m/raudløk. De vil og få smake på ulike produkt som heggebærlikør, rognebærsnaps og hyllbærsaft og får med oppskrifter på dette.

Kursavgifta er kr. 800 per person. Det inkluderer kurs med oppskriftshefte, måltid og råvarene de treng til praktisk arbeid. Produkta de lagar får de med dykk heim.

Påmelding innan 24. september 2026

Heildags bakekurs

Kurs i godt brød og anna gjærbakst

fredag 23. og laurdag 24. oktober

Start fredag kl. 18 – ca. kl. 22 og laurdag kl. 10 – ca. kl. 16.

De får lære å lage deigar, heving, forming og steiking. Fredag lagar vi pizza til kveldsmat og har litt teori og førebur deigar til laurdag. Vi ser på surdeig og lagar ulike startdeigar og det som skal stå i bløyt over natta.
Laurdag morgon lagar vi ulike deigar til brød og småbakst. Når deigane har fått kvilt skal dei slåast opp og formast. Til lunsj blir det suppe og nysteikt småbakst. Brøda som vi lagar får de med dykk heim og kanelknutar smakar vi på til kaffien medan brøda steiker. Då blir det og oppsummering og evaluering av kurset.

Oppskriftene kan like godt brukast til baking i vanleg steikeomn og de får lære korleis ein steiker gode brød og anna bakst i vanleg steikeomn.

Kursprisen er kr. 1400 per person. Det inkluderer kurs med oppskriftshefte, alle måltid og fleire brød med dykk heim.

Påmelding innan 16. oktober 2026

Kari steiker svelekaker

Hellebakstkurs/kake på helle

Onsdag 28. oktober kl. 17.30 – 22.00

De får lære å lage natronkake, potetkake/lefse, mørlefse og svelekake med kling. Vi lagar røre og deig, klappar, kjevlar og steiker kakene.

Kursavgifta er kr. 600 per person. Det inkluderer kurs med oppskriftshefte, måltid inkludert heimelaga råsaft og kaffi og produkt med dykk heim.

Påmelding innan 23. oktober 2026

Flatbrød. Foto Norsk tradisjonsmat

Flatbrød og fiskelefse

Onsdag 11. november kl. 17.30 – 22.00

De får lære å lage deig, trene på å kjevle og lære kva steiking som passar til flatbrød og fiskelefse. Deltakarane får bestemme om ein vil lage mest flatbrød eller fiskelefse. De får det de lagar med dykk heim.

Kursavgifta er kr. 700 per person. Det inkluderer kurs med oppskriftshefte, måltid inkludert heimelaga råsaft og kaffi og produkt med dykk heim.

Påmelding innan 4. november 2026

Lefse

Lefsekurs

Onsdag 18. november kl. 17.30 – 22.00

De får lære å lage deig og glatte runde emne, og trening i å kjevle ut leivane. Det å steike lefsene passeleg og pakke dei inn så dei held seg mjuke til dei skal smørjast, er noko av det viktigaste. Etter eit felles måltid lagar vi kling og smør lefsene.

Kursavgifta er kr. 800 per person. Det inkluderer kurs med oppskriftshefte, måltid inkludert heimelaga råsaft og kaffi og ferdige lefser med dykk heim.

Påmelding innan 11. november 2026

Pølsekurs

Pølsekurs
(dampepølse og spekepølse)

Onsdag 25. november kl. 17.30 – ca. 22.00

Kursavgifta er kr. 800 per person + råvarekostnad, der prisen avhenger av om de har med råvare (hjortekjøt/lammekjøt/storfekjøt) eller ikkje. De må gjerne ha med eige kjøt om de har, spesielt gjeld det hjortekjøt om de ynskjer det i pølsene.

Kursavgifta inkluderer kurs med bruk av alt utstyr, oppskriftshefte, kveldsmat inkludert heimelaga råsaft og kaffi og produkta de lagar med dykk heim.

Påmelding innan 18. november 2026

Julepålegg

Julepålegg

Onsdag 2. desember kl. 17.30 – 22.00

De får lage sylteflesk og lammerull eller sylterull (av gris). Kva den enkelte vil lage vert avtalt med dei som melder seg på.

Kursavgifta er kr. 800 per person + råvarekostnad.

Det inkluderer kurs med oppskriftshefte, kveldsmat inkludert heimelaga råsaft og kaffi og ei form med sylteflesk og ein rull med dykk heim.

Påmelding innan 25. november 2026

Påmeldingsskjema

+47 951 46 531

Fjordamattunet
Dalevegen 71
6847 Vassenden