Lefsebaking. Foto Norsk tradisjonsmat

Matkurs hausten 2023

Dette er kurs som er opne for alle interesserte, og som enkeltpersonar kan melde seg på.

For alle kursa vil det vere eit måltid inkludert i kursavgifta og de får produkt med dykk heim. Kursa vert haldne berre dersom det er mange nok deltakarar.

Om de er ei gruppe som ynskjer kurs, tek de kontakt på telefon eller e-post for å avtale tidspunkt for eit eige kurs.

For meir informasjon eller påmelding, ring 951 46 531 eller send ein e-post til kari@fjordamattunet.no. Du kan også bruke påmeldingsskjemaet nedst på denne sida.

Kari steiker svelekaker

Hellebakstkurs/kake på helle

Måndag 30. oktober kl. 17.30-22.00
Tysdag 7. november kl. 17.30-22.00

De får lære å lage natronkake, potetkake/lefse, mørlefse og svelekake med kling.

Kursavgifta er kr. 600 per person. Det inkluderer kurs med oppskriftshefte, måltid inkludert heimelaga råsaft og kaffi og produkt med dykk heim.

Påmelding innan 24. oktober 2023

Flatbrød. Foto Norsk tradisjonsmat

Flatbrød og fiskelefse

Torsdag 2. november kl. 17.30-22.00

De får lære å lage deig, trene på å kjevle og lære kva steiking som passar ulike produkt. De får det de lagar med dykk heim.

Kursavgifta er kr. 650 per person. Det inkluderer kurs med oppskriftshefte, måltid inkludert heimelaga råsaft og kaffi og produkt med dykk heim.

Påmelding innan 30. oktober 2023

Lefse

Lefsekurs

Måndag 6. november kl. 17.30-22.00

De får lære å lage deig og glatte runde emne, og trening i å kjevle ut leivane. Det å steike lefsene passeleg og pakke dei inn så dei held seg mjuke til dei skal smørjast, er noko av det viktigaste. Etter eit felles måltid lagar vi kling og smør lefsene.

Kursavgifta er kr. 750 per person. Det inkluderer kurs med oppskriftshefte, måltid inkludert heimelaga råsaft og kaffi og ferdige lefser med dykk heim.

Påmelding innan 31. oktober 2023

Pølsekurs

Pølsekurs
(dampepølse og spekepølse)

Torsdag 16. november kl. 17.30-22.00

Kursavgifta er kr. 700 per person + råvarekostnad, der prisen avhenger av om de har med råvare (hjortekjøt/lammekjøt/storfekjøt) eller ikkje. De må gjerne ha med eige kjøt om de har, spesielt gjeld det hjortekjøt om de ynskjer det i pølsene.

Kursavgifta inkluderer kurs med bruk av alt utstyr, oppskriftshefte, måltid inkludert heimelaga råsaft og kaffi og produkta de lagar med dykk heim.

Påmelding innan 9. november 2023

Julepålegg

Julepålegg

Torsdag 23. november kl. 17.30-22.00

De får lage sylteflesk og lammerull eller sylterull (av gris). Kva den enkelte vil lage vert avtalt med dei som melder seg på.

Kursavgifta er kr. 700 per person + råvarekostnad.

Det inkluderer kurs med oppskriftshefte, måltid inkludert heimelaga råsaft og kaffi og ei form med sylteflesk og ein rull med dykk heim.

Påmelding innan 17. november 2023

Påmeldingsskjema

+47 951 46 531

Fjordamattunet
Dalevegen 71
6847 Vassenden