
Matkurs våren 2025
Dette er kurs som er opne for alle interesserte, og som enkeltpersonar kan melde seg på. Det vil bli lagt ut fleire kurs her i løpet av vinteren.
For alle kursa vil det vere eit måltid inkludert i kursavgifta og de får produkt med dykk heim. Kursa vert haldne berre dersom det er mange nok deltakarar.
Om de er ei gruppe som ynskjer kurs, tek de kontakt på telefon eller e-post for å avtale tidspunkt for eit eige kurs.
For meir informasjon eller påmelding, ring 951 46 531 eller send ein e-post til kari@fjordamattunet.no. Du kan også bruke påmeldingsskjemaet nedst på denne sida.

Bestemor sine kaker/hellebakst
Onsdag 5. mars kl. 17.30-22.00
De får lære å lage natronkake, potetkake/lefse, mørlefse og svelekake med kling. Vi lagar røre og deig, klappar, kjevlar og steiker kakene.
Kursavgifta er kr. 600 per person. Det inkluderer kurs med oppskriftshefte, måltid inkludert heimelaga råsaft og kaffi og produkt med dykk heim.

Lefsekurs
Laurdag 15. mars kl. 11.00-16.00
På kurset får de lære å lage deig og glatte runde emne, og trening i å kjevle ut leivane. Det å steike lefsene passeleg og pakke dei inn så dei held seg mjuke til dei skal smørjast, er noko av det viktigaste. Etter eit felles måltid lagar vi kling og smør lefsene.
Kursavgifta er kr. 750 per person. Det inkluderer kurs med oppskriftshefte, måltid inkludert heimelaga råsaft og kaffi og ferdige lefser med dykk heim.

Flatbrød og fiskelefse
Onsdag 19. mars kl. 17.30-22.00
De får lære å lage deig, trene på å kjevle og lære kva steiking som passar til flatbrød og fiskelefse. Deltakarane får bestemme om ein vil lage mest flatbrød eller fiskelefse. De får det de lagar med dykk heim.
Kursavgifta er kr. 650 per person. Det inkluderer kurs med oppskriftshefte, måltid inkludert heimelaga råsaft og kaffi og produkt med dykk heim.

Kurs i godt brød og anna gjærbakst
Fredag 28. og laurdag 29. mars
Start fredag kl. 18.30-22.00 og laurdag kl. 10.00-ca. 16.00.
De får lære å lage deigar, heving, forming og steiking. Fredag lagar vi pizza til kveldsmat og har litt teori og førebur deigar til laurdag. Vi ser på surdeig og lagar ulike startdeigar og det som skal stå i bløyt over natta.
Laurdag morgon lagar vi ulike deigar til brød og småbakst. Når deigane har fått kvilt skal dei slåast opp og formast. Til lunsj blir det suppe og nysteikt småbakst. Brøda som vi lagar får de med dykk heim og kanelknutar smakar vi på til kaffien medan brøda steiker. Då blir det og oppsummering og evaluering av kurset.
Oppskriftene kan like godt brukast til baking i vanleg steikeomn og de får lære korleis ein steiker gode brød og anna bakst i vanleg steikeomn.
Kursprisen er kr. 1200 per person. Det inkluderer kurs med oppskriftshefte, alle måltid og fleire brød med dykk heim.
Påmeldingsskjema
+47 951 46 531
Fjordamattunet
Dalevegen 71
6847 Vassenden